Walking in your footsteps?

26.03.2015 11:20

Fifty million years ago
You walked upon the planet so

For 30 år sidan, i 1985, var vi på toppunktet av den kalde krigen. Eg var 12 år, høyrte på The Police og las bøker frå Pax Forlag. Som voksne kan det vere ein artig eksersis å prøve å hugse korleis vi som barn førestilte oss framtida. Eg hugsar i alle fall at framtida var noko eg ikkje førestilte meg. Til langt opp i 30-åra greide eg berre å tenke meg sjølv eitt til to år fram i tid. Eg trur det hadde å gjere med ein den grunnleggande apokalyptiske tidsånda eg vaks opp i på 80-talet.

Hey Mr. Dinosaur
You really couldn't ask for more
You were God's favorite creature
But you didn't have a future


Ei vag, men kroppsleg internalisert redsle for at verda kunne gå i lufta nærmast kvar dag som helst. "Gæren mann med makta og en knapp å trykke på" song OleIdole. Eg gjekk i konstant frykt for at nokon skulle trykke på "knappen". På 80-talet var "knappen" ikkje hvilken som helst knapp, det var utløysinga av atombomba, 3. verdskrig, med radioaktive etterverknader kanskje berre kakerlakkar kunne overleve. Eg las bøker om Hiroshima og var rysta over beskrivingar over den umiddelbare og den langsiktige verknaden av atombomba.

Walking in your footsteps
Walking in your footsteps

Mot slutten av 80-talet kom Gorbatsjov til makta i "Aust" og terrorkappløpet blei avvikla. Ole Kopreitan, evig leiar av Nei til atomvåpen, måtte utvide repertoaret av jakkemerker frå salgstralla si på Karl Johan ettersom atomvåpen-saka nærmast kjendest litt uaktuell. Men om den kalde krigen var meir eller mindre over var ikkje atomkraftproblemet eliminert. VI hugsar Tsjernobyl-ulykka i 1986. Mattilsynet kom i 2012 med ei oversikt over kor mykje reinkjøtt eller sopp frå Gudbrandsdalen du kan ete før du blir radioaktiv, etter 26 år. Det er berre fire år sidan ei tilsvarande ulykke skjedde i Fukoshima, Japan. 

https://www.nrk.no/verden/atomulykken-pa-niva-med-tsjernobyl-1.7590611

Men VÅPEN? Nei, det har vi slutta med.  Det er berre konspirasjonsteoretikarar a la amerikanske Bush-presidentar som leiter etter påskot for å gå til olje-krig i Midtausten. Det vil seie, eventuelle israelske atomvåpen var det visst ikkje så viktig med for Bush. For å sitere Noam Chomsky: "[Israel] is the only country in the Mideast with nuclear weapons (probably around 200 of them). But "Israeli nuclear weapons" is a phrase that can t be written or uttered by any official US Government source. That phrase would raise the question of why all the aid to Israel is not illegal, since foreign aid legislation from 1977 bars funds to any country that secretly develops nuclear weapons." (Chomsky, Noam (2012) "How the world works". side :49).

Hey mighty brontosaurus
Don't you have a lesson for us
You thought your rule would always last
There were no lessons in your past

I desse dagar sitt den amerikanske utanriksministeren John Kerry i forhandlingar med Iran sin utanriksminister Mohammad Javad Zharif om frysing av Iran sitt atomprogram.

https://www.nrk.no/nyheter/1.11267580

Så høyrer vi at Russland indirekte sett fram ein atomtrussel mot Danmark dersom Danmark sluttar seg til NATO sitt missilforsvar. Eg frys.

https://www.abcnyheter.no/nyheter/2015/03/21/220445/russlands-ambassador-truer-danmark

No er eg betrakteleg eldre enn 12-åringen som vaks opp med apokalyptiske framtidsførestillingar, eg er ikkje spesielt redd for Russland, og vi skal hugse at den einaste nasjonen som faktisk har brukt atomvåpen er USA. Når atomvåpen likevel blir nemnd i eit forsøk på hisse opp til verbal ordkrig, så er det heilt uakseptabelt.

If we explode the atom bomb
Would they say that we were dumb
We're

Walking in your footsteps
Walking in your footsteps

Atomvåpen er meiningslause, dei spring ut av svimlande avansert og dyr teknologi, "to indimidate everyone" som det einaste føremålet, for å sitere Chomsky igjen. Kjemiske og biologiske våpen er no forbydd av verdssamfunnet, men ikkje det aller farlegaste våpnet av alle - kanskje fordi tanken på at det kjem til å bli brukt er så fryktinngytande og usannsynleg? Tja. USA og Russland har om lag 2 000 av sine atomvåpen i høg beredskap, noko som vil seie at dei kan skytast ut i løpet av få minutt. Det føregår i dag ei stor kjernevåpenmodernisering på båe sider av Atlanterhavet. USA har vedtatt å bruke 84 milliardar dollar på å fornye landet sitt atomvåpenprogram. Det sett jo forhandlingane med Zharif i Sveits i eit interessant lys.

På Stortinget har SV fått med seg representantar frå Senterpartiet og Venstre om eit forslag om at Noreg skal arbeide for eit forbod mot atomvåpen. Forsvarsminister Ine Marie Eriksen (H) meiner det ikkje er noko grunnlag for dette. Jo, grunnlaget er der, men det vil måtte bety å ta den ubehageleg samtalen med USA, Ine Marie.  

Her kan du lese ordlyden i Storingsforslaget:

https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2014-2015/dok8-201415-072/

https://www.youtube.com/watch?v=KgjXzKvZQcY

They say the meek shall inherit the earth
They say the meek shall inherit the earth






Kommentar