PhD

Å øve på improvisasjon. Ein kvalitativ studie av øvepraksisar hos jazzstudentar, med fokus på utvikling av improvisasjonskompetanse.

 

Musikalsk improvisasjon inneber ofte å spele noko anna enn det ein har øvd på, for å kunne skape spontant i ein interaktiv og uføreseieleg musikalsk situasjon. Spørsmål ein kan stille seg då, er mellom anna: kva øver improviserande musikarar på? Og kan ein øve på å frigjere seg frå det ein har øvd på? Korleis gjer ein i så fall det?

I denne avhandlinga er tematikken undersøkt ved å ta perspektivet til jazzstudentar i høgre musikkutdanning som arbeider med å utvikle improvisasjonskompetansen sin. Øving på improvisasjon er forsøkt beskreve ved hjelp av å sjå på kva for  motiv, mål, gjenstandar og handlingsmåtar som kjenneteiknar øvepraksisane hos studentane.

Aktivitetsteori er nytta som teoretisk rammeverk, der instrumental øving blir sett som ein kulturelt og historisk utvikla kollektiv læringsaktivitet, som får meining frå verdiar og normer i basisaktiviteten utøving i jazztradisjonen. Det aktivitetsteoretiske konseptet ekspansiv læring blir nyttegjort for å analysere læring med eit potensielt ope resultat. Det empiriske materialet bygger på analyser av kvalitative intervju med 13 studentar i høgre jazzutdanning ved ulike institusjonar i Noreg og Sverige, fordelt på ulike hovudinstrument. Intervjua har blitt fulgt opp med ein kasusstudie med tre av studentane, der Stimulated Recall-intervju har vore gjennomført basert på videoopptak av individuelle og kollektive øveøkter.

Funna peiker på at det å utvikle ei personleg musikalsk stemme er eit overordna motiv for øving. Studien viser korleis deltakarane vektlegg autonomi og eigarskap både i høve til utval og nyttegjering av musikalsk materiale, og ovanfor institusjonen og lærarane. Gjenstandane for øvinga deira spenner frå speleteknikk og å få kontroll over musikalske strukturar, til meir prosessuelle aspekt improvisasjon, som det å auke ein musikalsk assosiativ flyt og å unngå kontroll. Kollektiv musisering i band er både ein sentral læringsarena i seg sjølv, og tilfører meining til den individuelle øvinga. Omgrepet utforskande øving er lansert for å fange opp eksperimenterande og improviserande aspekt ved øving som supplement til det meir etablerte omgrepet målretta øving. Slik utforsking inneber mellom anna å overskride musikalske konvensjonar og normer knytt til tradisjonelle instrumentroller. 

Studien er eit bidrag til å få innblikk i perspektivet til studentar i jazzutdanning, og han viser korleis øvepraksisane rommar stor grad av mangfold og variasjon. Omgrepet utforskande øving er eit bidrag til øveforskingsfeltet, som fram til no i liten grad har undersøkt øving innanfor jazz og improvisasjonsbaserte musikkformer.   

Fotogalleri: PhD