Musikklinja for livet (Nordlys, november 2013)

23.11.2013 17:34

Av Guro Gravem Johansen

Førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole og PhD i musikkpedagogikk

 

Harstad. Eg bodde der frå august 1989 til juni 1992, for å ta Musikklinja på Heggen Vidaregåande. For mitt indre kan eg mane fram biletet av kvar ei gate i byen, kvar ein kafé og utestad, kvart einaste øverom i gangen på Heggen som førte fram til det innerste hellige: rom 111. I den gangen bodde vi, det første musikklinjekullet ved Heggen som fylte ein heil klasse. 

Og alle minnene frå Harstad er fylt av lyd. Frå rom 111 hugsar eg den deilig rystande opplevinga når vi blei presentert for  Arnold Schoenberg sin tolvtonemusikk for første gong, og den kriblande gleda over å få plata Birth of the cool (Miles Davis m.fl.) som pensum til eksamen. På rom 111 var det nerver til tentamen i song (”eg gjekk opp frå 4 til 5!”). Der var det høglydt krangling transformert til sterkt samhold gjennom motgang når klassen min øvde på eit sjølv-mekka konsertprogram som vi reiste rundt på ungdomsskolane i omegnen med. (”Huske dokker konserten i Gryllefjord! Å, konserten i Gryllefjord. Den glømme æ aldri.”) Aloen langt borte i korridoren som varsla at songlæraren min, Knut Iversen, var på veg til songtime (”Nå?! Har du øvd sia forrige vekka?”).

Meir Harstad-lyd: Strykeklangen frå landsdelsmusikarane i Arctimus. Lyden av Rune Klakegg, Elin Rosseland, Anne Marie Giørtz på Jazzklubben, blanda med lyden av klirrande glass i baren på dåverande Da Capo. Musikkdiskusjonane med blåsarane frå Divisjonsmusikken som også hang i den baren.  Jazzjam med pianistlegen Børge Ytterstad på Lanternen pub (”Guro! Bi no med og søng ei låt! Ka du vil ta i dag, Misty?”). Musikklinja sine store oppsetningar saman med profesjonelle musikarar frå Divisjonsmusikken og Arctimus i Harstad Kirke, i kinoen og kulturhuset. Alle kjende alle.

Og vi opptrådte og opptrådte. Overalt var det tilgjengelege arenaer for ambisiøse musikarar in spe. Som 19-åring var eg dessutan kordirigent, barnekorpianist og songlærar på musikkskolen, og tjente eigne pengar til jazzklubbillettar og pizza på Lanternen, gjennom den verksemda som har blitt min veg, musikkpedagogikk. Musikklinja var for meg tre år som kokte, i den livsfasen som kanskje er mest formande for kven ein blir og kva ein gjer. I fjor møttest musikklassen min under festspela for å markere 20-års jubileum som avgangselevar ved Heggen. Det blei spontankonsert med klassekoret på trappa til Nordlendingen Restaurant – etter 20 år satt dei firstemte arrangementa framleis i øyra og stemmene.

No arbeider eg i den andre enden av utdanningsskalaen, ved Norges Musikkhøgskole, der eg underviser i (og forskar på) jazz og musikkpedagogikk. Kanskje hadde eg funne vegen dit utan Musikklinja på Heggen, og utan Harstad, men vegen hadde definitivt ikkje blitt akkurat slik den blei. Uansett om eg underviser studentane mine i vokalensemble, gehørtrening eller pedagogikk, sitt Knut, Kjellaug, Helle, Asbjørn og dei andre lærarane frå Musikklinja på tidleg 90-tall på skuldra mi og kviskrar. Musikklinja formar deg for alltid.

Denne lille danningsreisa er kanskje ikkje interessant for andre enn meg. Politiske vedtak skal heller ikkje fattast på nostalgisk grunnlag. Men det burde interessere befolkninga i Troms generelt og politikarane i Troms Fylkesråd spesielt korleis kulturlivet er eit finmaska nettverk, og der det å dra ut ein liten tråd kan rekke opp store delar av nettet.

Ei veke i mars kvart år har vi opptaksprøver ved Musikkhøgskolen. Konkurransen for å kome inn er knallhard. I mi eiga doktoravhandling om jazzstudentar i høgre utdanning i Noreg og Sverige fekk eg stadfesta kor sentral Musikklinja på vidaregåande er for å kvalifisere seg til høgre musikkutdanning i båe landa. All musikkpedagogisk forsking peiker på at tilgang til arenaer der ein kan lære og utvikle seg er ein av dei viktigaste faktorane for å bli god. Søkartallet til s.k. rytmiske utdanningar (jazz, pop, rock, folkemusikk) har skote i veret dei siste 10 åra, og det er min påstand at den aukande tilgangen til formell opplæring innanfor rytmisk musikk på vidaregåande nivå (Musikklinja) er den direkte årsaka.

Geografisk sett er det ikkje tilfeldig kven som søker på NMH eller kven som kjem inn. Majoriteten av søkarane kjem frå byar eller byomland som har ei Musikklinje. For å oppretthalde det høge nivået ved Norges Musikkhøgskole er vi avhengige av at utdanningsleddet ”under” høgskolenivået finst. Dessverre registrerar vi at det ikkje er mange søkarar til Musikkhøgskolen frå Troms fylke. Ikkje så rart, fylket har berre to Musikklinjer som skal dekke eit stort geografisk område med lange avstandar. I lys av denne i utgangspunktet kritiske situasjonen vil altså Troms Fylkesråd at enno færre av dei utdanna musikarane i landet skal vere frå Troms. Viss desse musikarane og pedagogane er frå Troms og hugsar eit levande kulturliv frå ungdomstida, aukar det sjansen for at dei vil flytte dit etter endt utdanning også.  Musikarar som fyller scenene under festspel, velger å ta faste stillingar som landsdels- eller korpsmusikar, eller jobbar med barn og unge i kor, korps og kulturskole. 

Harstad er ein unik by i den forstand at han har eit ufatteleg rikt kulturliv komprimert på ein liten stad.  Vi snakkar topp og breidde. Festspela, Divisjonsmusikken, Landsdelsmusikarordninga, eit vell av kor i alle variantar, korps, kulturskole, jazzklubb, galleriar. Fleire av desse institusjonane tilbyr kultur til heile landsdelen – som dei gjorde det på tidleg 90-tall. Musikklinja på Heggen var og er ein sentral tråd i den veven som er kulturlivet i Harstad, i Sør-Troms, i Troms, i landsdelen, nettopp fordi byen er liten. Musikklinjeelevane får fantastiske og naudsynte arenaer å øve og utøve si muskalske verksemd, fordi Musikklinja ligg i akkurat denne byen. Byen får både bidragsytarar til og brukarar av kulturen, ikkje berre medan elevane går på Musikklinja, men for framtida. Ei Musikklinje i byen skapar kultur for kultur, rett og slett. Det er det som heiter synergi. Viss nokon trur at desse ulike kulturelle komponentane kan eksistere isolert og uavhengige av kvarandre, viser dei ein skremmande naivitet og manglande forståing for kva kultur er, kva eit samfunn er, kva eit kultursamfunn er.

Ikkje alle med Musikklinja i botn vil eller kan bli profesjonelle musikarar. Men den rikdommen det er for eit samfunn å ha medborgarar med musikkfagleg ballast frå ungdommen, som etter 20 år kan hoppe rett inn den heilt spesielle fellesskapkjensla det er å synge firstemt i kor, og ta denne opplevinga med seg i liva sine, den rikdommen kjem ikkje utgiftsposten i eit skolebudsjett i nærheita av.

Troms treng ei Musikklinje i Harstad.