Korfor vere stor når ein kan vere lykkeleg som liten?

25.03.2015 10:42

Samanslåing frå små til større einskapar er eit refreng i tida, vere seg kommunar eller sjukehus eller land (til dømes EU). Argumentasjonen er gjerne at å slå saman administrative funksjonar fører til byråkratisk  forenkling og effektivisering, og utfrå prinsippet om rasjonalisering. Rasjonalisering går ut på at det blir meir effektivt med fleire tilsette med større spesialisering av arbeidsoppgåver.

I går kunne vi høyre frå media om ei undersøking som viser at innbyggarane i Oslo, vår største by, jamt over er mindre nøgde med offentlege tenester enn i alle dei andre fylka. Trond Slagsvold Vedum (SP) hevdar rettmessig at dette er heilt naturleg, fordi folk er nøgd med den nærheita og fleksibiliteten som følger med smådriftsskala. No kan resultata av denne undersøkinga også henge saman med MÅTEN offentlege tenester drivast på. Til dømes er Oslo som kjent ein Høgre-dreve kommune, som ivrar for privat utsetting av sosiale og helsefaglege tjenester, utfrå ein ideologi om at konkurranse på ein marknad alltid fører til "betre resultat" for alle partar. Det er ikkje utan tyding at konkurranseutsetting og privatisering føregår i Oslo i større grad enn andre kommunar, ettersom den såkalla marknaden er større her, altså fleire potensielle aktørar. I ein marknadsliberalistisk modell vil dei som puttar pengar inn i ei verksemd alltid ha den agendaen at investeringa skal gi meir avkastning enn det ein putta inn. Dermed er det duka for nettopp effektivisering, rasjonalisering og storskaladrift.

Ei anna aktuell sak relatert til stor-/liten-problematikken er diskusjonen rundt samanslåing av dei tre kunstinstitusjonane Norges Musikkhøgskole, Arkitekthøgskolen og Kunsthøgskolen i Oslo, noko Kunnskapsdepartementet har arbeidd for. Alle institusjonane har kjempa i mot, og i dag blei det offentleggjort at planane er skrinlagte. For oss som verkar innanfor desse institusjonane er dette ei god nyheit. Men vi skal visst ikkje føle oss for trygge: www.dn.no/talent/2015/03/25/1101/Utdannelse/minst-tte-hyskoler-forsvinner

For både helseverksemder og kunstutdanningsverksemder gjeld nemleg dette: Små einskapar gir oversikt og nærleik mellom administrasjon og fagleg tilsette, mellom heimehjelp og den hjelpetrengande, mellom rektor og student. Som arbeidstakar gjer små tilhøve ofte at enkeltmennesket har kontakt med fleire ledd på arbeidsplassen, og har ein kvardag som inneber breidde og variasjon. Motsetnaden, stordrift, er at dei tilsette består av fleire personar med spesialiserte og meir repeterande oppgåver. Det er ikkje vanskeleg å tenke seg kva som skapar størst meiningsfullheit, motivasjon, ansvarskjensle og eigarskapskjensle til arbeidsplassen av dei to alternativa.  Små tilhøve gjev tillit, fordi menneska bak funksjonane blir kjende med dei såkalla brukarane. Med tillit som grunnleggande lim er det ikkje like naudsynt med så mykje regulering og kontroll. Dess større avstandar mellom folk - og då meiner eg symbolsk avstand -, og dess mindre tillit, dess meir styring og kontroll må det nødvendigvis bli. Altså: meir byråkrati.

Det kan synast paradoksalt at det er høgresida i politikken som ivrar for samanslåing og stordrift, når dei ofte har "mindre byråkrati" og forenkling av byråkratiske prosessar høgt opp på programmet sitt. Svaret kan ligge i at samanslåingsideologien liknar på rasjonaliseringsideologien i ein marknadsøkonomisk tankegong. Men verken gitarundervisning eller eldrestell er investorobjekt som kan rasjonaliserast.

Kommentar