Den postmoderne "musikkskolen"

26.03.2015 20:31

Dei siste 15 åra har det musikkpedagogiske forskingsfeltet kome med etterkvart massiv kritikk av såkalla tradisjonell instrumentalundervisning, der klassisk musikk har ein hegemonisk hevd på repertoaret det blir gjeve opplæring i. Kritikken går dels på utval av repertoar og undervisningsinnhald, og del på at undervisningsmetodikken i denne tradisjonen er prega av  ein autoritær lærarrolle med all definisjonsmakt i høve til kriteriar for ”god” musikk og ekspressivitet, dominert av ei skriftleg orientering på kostnad av gehør, musikkoppleving og for barnet eit spontant og autentisk musikkuttrykk. Kritikken har vore med rette all den tid altfor mange barn har gått gjennom pianoundervisning som berre har handla om svarte prikkar på eit papir, eller frykten for å gløyme faste forteikn, der fokuset i så stor grad har vore på læraren sine definisjonar av bra og dårleg, rett og galt, at den voksne musikaren framleis er redd for å lage lyd på instrumentet sitt utan ei note foran seg.

Alternativet som blir skissert bygger på eit demokratisk grunnsyn, med elevmedverknad og kulturell responsivitet som motsvar og motsetnad til repertoarhegemoniet frå den ”voksne” verda av klassisk musikk. Undervisningsinnhaldet må ta inn over seg barn og unge si eiga musikalske verd slik at det på den måten bli autentisk for dei. Dette inneber at barna sjølv skal få velge repertoar, noko som ofte pop-musikk, musikk frå dataspel og film. Pedagogikken må ta innover seg barn og unge sin ”autentiske” og sjølvstyrte læringsmetodikk: å lære på øyret frå innspelingar ein velgar sjølv, og å la barna få nytte Youtube tutorials, mobil-apper og spel som Guitar hero, Garage band, etc. Guitar hero som musikkpedagogisk innhald blir då verdifullt i seg sjølv, fordi det tilhøyrer barnas verd.

Med utgongspunktet i denne grovt skisserte framstillinga kan ein seie at det i høve til instrumental-(opp)læring eksisterar to motstridande fortellingar, der klassisk musikk og lærarstyring representerer den eine, og der pop-musikk og sjølvstyrt læring den andre. For det første blir det dermed i farta tatt for gitt at ein musikalsk sjanger er uløyseleg knytt til metodiske konvensjonar, altså konvensjonar for lærarstyring versus elevstyring, skriftlegdom versus gehørorientering, etc. For det andre eksisterar det ein risiko for å konstruere good guys og bad guys i ein slik motsetnad, der klassiske musikksjangrar som sådan blir symbolsk valuta the bad guys handlar med, medan særleg pop, men også andre rytmiske sjangrar og populærkulturelle kanalar blir symbolsk valuta for the good guys. Men er det gitt at Sonatine i G dur må lærast via notar? Er det gitt at Mamma mia alltid blir planka på gehør? Er det gitt at sjølvstyrt læring er meir autentisk og meir positivt enn lærarstyring, og er det gitt at sistnemnde er ein negativ verdi i seg sjølv? Er det uproblematisk å utan vidare sidestille verdien av Sonatine i G-dur og Guitar hero?

Noam Chomsky uttrykker kritikk mot postmoderismen som vitskapsfilosofisk retning med følgande samanlikning: "In the 1930s, left intellectuals were involved in worker education and writing books like Mathematics for the Millions. They considered it an ordinary, minimal responsibility of privileged people to help others who d been deprived of formal education to enter into high culture.

Today s counterparts of these 1930s left intellectuals are telling people, "You don t have to know anything. It s all junk, a power play, a white male conspiracy. Forget about rationality and science." In other words, put those tools in the hands of your enemies. Let them monopolize everything that works and makes sense."  

Ved å idealisere elevstyring og demokratiske verdiar - som er viktige i seg sjølv, og har gjort seg gjeldande i den store musikkpedagogiske diskusjonen av gode historiske grunnar - står ein i fare for å  reprodusere dikotomiske fortellingar og produsere ideologiar som stenger ute i staden for å lukke inn, som hindrar barn og unge tilgong til rike musikalske verder dei ikkje veit finst viss dei ikkje får lære om dei. Kan vi tenke oss gehørbasert og kroppsleg musikkundervisning der det også brukast både notar og teori? Der læraren velger repertoar, og bestemmer kva som skal spelast til hvilken tid, styrer framgongsmåten, men samstundes oppmodar elevane til å ta sjansar i improvisasjonar, og til å variere fraser utfrå elevens eige musikalske val i augneblinken. Kan vi tenke oss lærarstyrt undervisning der innhaldet er nøye strukturert på førehand samstundes som eleven takast på alvor som ein skapande medmusikar?

Er styring frå voksne lik kolonisering av barneverda? Er utvelging av repertoar og strukturert tilrettelegging frå ein lærar per definisjon udemokratisk? Er det ”overgrep” mot barns musikalske erfaringshorisont å tilby dei sonatiner, II-V-I-progresjonar og Duke Ellington-låter? Eller har fagleg kompetente og erfarne voksne eit ansvar for å tilby barn reiskap for både å gripe verda slik ho "føreligg", og for å gi tankene rammer og innhald og dermed reiskap for å SKAPE (i) verda, med eigne øyrer og hender?  

Kommentar